Ons
Lettskya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sør-sørvest 3.2 m/s 
Trykk: 1012.3
Dato: 17.07.2019
21°
Tor
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Sør 5.4 m/s 
Trykk: 1011.3
Dato: 18.07.2019
20°
Fre
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest-sørvest 1.6 m/s 
Trykk: 1012.0
Dato: 19.07.2019
20°
Lør
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Sør 3.9 m/s 
Trykk: 1014.6
Dato: 20.07.2019
21°
Søn
Regn
Nedbør: 3.1 mm
Vind: Lett bris fra Sør-søraust 3.5 m/s 
Trykk: 1012.3
Dato: 21.07.2019
19°
Start-Siden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Norge

  
Alle nyheter

Lokal nyheter

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Har starta måling i FlåmNRK Sogn og Fjordane
Aurland kommune har førebels ikkje målt urovekkande dårleg luftkvalitet i Flåm. Kommunen og hamnevesenet har investert i to sensorar, og prosjektleiar Gudny Flatabø seier dei har gjort seg gode erfaringar gjennom tre veker med målingar. ? Det er stort sett god luftkvalitet.
2019-07-17 05:39:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Røykte hasj før køyreturNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i slutten av tenåra røykte hasj før han la ut på ein tre timar lang køyretur. Mannen blei stoppa i Sogn, og blodprøven viste ein ruspåverknad tilsvarande minst 0,5 promille. Han blei også dømd for å ha kjøpt og røykt hasj ved fleire høve. Straffa er ei bot på 15.000 kroner, og å måtte klare seg utan førarkort i eitt år.
2019-07-17 05:33:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-16 20:37:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale 40.000 kroner i bot NRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 40-åra busett i Nordfjord må betale 40.000 kroner i bot. Mannen vart ein søndagskveld i mai i år stogga bak rattet med ein promille på 1,86. I tillegg til bota må han sone 21 dagar i fengsel og klare seg to år utan førarkort.
2019-07-16 19:50:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel i Aurland gjenopnaNRK Sogn og Fjordane
Fv 59 Berdalstunnelen i Aurland kommune som var stengd på grunn av oppryddingsarbeid, er no gjenopna.
2019-07-16 17:37:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet må vente med SnapchatNRK Sogn og Fjordane
Politiet blir likevel ikkje å finne på det sosiale mediet Snapchat under dei store festivalane i fylket i år. Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, var i vinter optimist med tanke på akkurat det. Men etableringa av nettpatruljen har gått seinare enn venta slik at politiet må oppretta ei lokal løysing på messenger for å kommunisere med festivalpublikumet. ? Det har teke lengre tid enn venta å få på plass den tekniske løysinga og folk i stillingane. Dette må vere på plass før også vi kan ta i bruk dei same verktøy som vart brukt under festival i Kristiansand og Bodø med veldig gode resultat, seier Johannessen.
2019-07-16 17:34:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrefelt gjenopnaNRK Sogn og Fjordane
På Ev 39 Aarbergsdalen, ved Sande i Gaular, er det no igjen fri ferdsel etter at eit køyrefelt tidlegare vart stengd grunna bilberging.
2019-07-16 16:16:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Teken på nytt med narkotikaNRK Sogn og Fjordane
For tredje gang i juni og juli er sunnfjordingen i 20-åra pågripen for grovt narkotikalovbrot. Mannen som i august skal møte i retten i ei tilståingssak, vart søndag pågripen med ei mindre mengde hasj, amfetamin, ecstasy og dopingmidlar. Mannen er også sikta for å ha brukt narkotika. Grunna fare for gjentaking får politiet halde på mannen til saka i august skal opp i tingretten.
2019-07-16 16:03:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrefelt stengt NRK Sogn og Fjordane
På Ev 39 Aarbergsdalen, ved Sande i Gaular kommune, er eit køyrefelt inntil vidare stengt grunna bilberging.
2019-07-16 15:13:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No kjem regnet tilbakeNRK Sogn og Fjordane
2019-07-16 12:56:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Delvis måneformørking i kveldNRK Sogn og Fjordane
I kveld og i natt er det mogleg å oppleve ei delvis måneformørking dersom vêret tillèt det. Meir enn halvparten av månen vil bli formørka. Formørkinga vil vere størst klokka 23.31.
2019-07-16 10:34:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen postlisterNRK Sogn og Fjordane
Dokumenta til fellesnemnda for nye Sogndal kommune har ikkje vore offentleg tilgjengelege, skriv Sogn Avis. Prosjektrådmann Stig Arne Thune seier til avisa at det vil bli retta opp i etter ferien.
2019-07-16 09:50:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for narko-kjøpNRK Sogn og Fjordane
Ein nordfjording i 20-åra må åtte månader i fengsel etter å ha kjøpt og oppbevart narkotika. Han køyrde også moped i rusa tilstand, og utan at han hadde førarkort. Mannen må også betale ei bot på 6.000 kroner i bot og får sperrefrist for alltid for å ta førarkort.
2019-07-16 05:51:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trur på godt epleårNRK Sogn og Fjordane
Det blir mykje eple i år, skriv forsking.no. Fruktrådgjevar Endre Bjotveidt hos Norsk Landbruksdrådgiving Vest seier at generelt er eplehausten veldig lovande på Vestlandet. ? Alle sortar har godt med eple, seier han.
2019-07-16 05:44:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann på Esso i StrynNRK Sogn og Fjordane
Det byrja å brenne i ei frityrgryte på Esso Stryn. Eigar har sløkt brannen på eiga hand, og er no sendt til legevakta etter å ha fått røyk i lungene undervegs i brannen.
2019-07-15 21:57:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nøgde med badevatnet i LusterNRK Sogn og Fjordane
Ferske prøvar av Lustrafjorden viser at kvaliteten på vatnet er god, skriv Luster kommune på nettsida si. Dei har sjekka badevatnet ved dei tre kommunale badeplassane i Skjolden, Luster og Solvorn.
2019-07-15 21:45:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har fått utnemnd sakkunnig NRK Sogn og Fjordane
Politiet har fått utnemnd ein sakkunnig i samband med etterforskinga av brannen i Førde i byrjinga av juli. Dei meiner brannen var påtent og ei kvinne er sikta for forsøk på grovt skadeverk. Kristine Bu er politiadvokat på saka.
2019-07-15 21:05:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kokepåbod oppheva NRK Sogn og Fjordane
Kokepåbodet for Stryn sentrum og omland vert oppheva. Det melder Stryn kommune på sine eigne nettsider. Analysen av vassprøvene som vart tekne søndag ettermiddag viser så langt ingen spor av ureining.
2019-07-15 19:52:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventar ikkje dekningsproblem i årNRK Sogn og Fjordane
I fjor opplevde både politiet og fleire tusen publikumarar store problem med mobildekninga. No har både Telia og Telenor forsterka mobilkapasiteten på Nordfjordeid. ? Me kryssar fingrane for at det nye systemet skal gå greitt, seier festivalsjef for Malakoff Rockfestival, Arnt ? Ivar Naustdal.
2019-07-15 18:10:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan verte freda om eitt årNRK Sogn og Fjordane
Singerheimen kan verte freda om eitt år dersom alt går etter planen, melder Fjordingen. Framdriftsplanen er utarbeidd av Stryn kommune og Riksantikvaren. Bygget frå 1921 i Olden var heimen til kunstnaren William Henry Singer Jr.
2019-07-15 15:38:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Politiet melder at det har vore eit trafikkuhell i Steinavegen i Førde. Ingen vart skadde i uhellet. Den eine føraren bles positivt på ei blåseprøve, og vert teken med til legevakt for ei blodprøve. Politiet har kverrsett førarkortet.
2019-07-15 13:25:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire hundre geiter langs E39NRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet melder at eit hundretals geiter oppheld seg i og ved vegbana på E39 i Våtedalen. Dei oppmodar bilistar i området om å køyre forsiktig.
2019-07-15 11:46:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brunsviktunnelen open for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Brunsviktunnelen på riksveg 15 i Vågsøy er no opna for trafikk etter å ha vore stengd i litt over ein time, opplyser Vegvesenet.
2019-07-15 11:42:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brunsviktunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Brunsviktunnelen på riksveg 15 i Vågsøy er midlertidig stengd, fordi ein kjetting heng ned frå tunneltaket. Det melder Vegvesenet. Ein entreprenør skal vere på staden om 30 minutt.
2019-07-15 10:33:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kokepåbod til i ettermiddagNRK Sogn og Fjordane
Kokepåbodet for Stryn sentrum og nokre av områda rundt vil truleg vare i alle fall fram til klokka seks i ettermiddag. Det seier fungerande rådmann Johnny Hove. Då ventar kommunen svar på vassprøvene dei har teke, og vil ta ei ny vurdering av påbodet.
2019-07-15 10:02:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utan jordmorNRK Sogn og Fjordane
Flora kommune er utan jordmorvakt, skriv Firdaposten. Det gjeld frå denne veka og fram til 5. august. I veke 29, 30 og 31 må gravide og fødande kontakte Helse Førde dersom dei treng oppfølging utanfor opningstida til helsestasjonen.
2019-07-15 09:47:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil på taketNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har hamna på taket i nærleiken av avkøyringa til Indre Rød på riksveg 15 ved Stårheim i Eid. Naudetatar er på veg, melder Statens vegvesen på Twitter. Ifølgje politiet har dei som var i bilen, kom seg ut.
2019-07-15 05:15:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må koke vatnetNRK Sogn og Fjordane
I Stryn må innbyggarane koke vatnet. Dette gjeld alle som får vatnet frå vassverket i Stryn, skriv Fjordingen. Ein lekkasje har gjort at kommunen har måtta stengje ned eit større forsyningsområde. Fungerande rådmann seier til avisa at dei ikkje veit om noko er gale med vatnet før analyseprøvar er klare.
2019-07-14 20:00:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kø på Lavik ? Oppedal-sambandetNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder om cirka ein times venting på Lavik-sida på ferjesambandet Lavik ? Oppedal.
2019-07-14 18:04:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mykje kø framleisNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen opplyser til NRK at det enno kan ta fleire timar før ventetida går nedover på ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes. Statens vegvesen rapporterer at ventetida er på om lag 40 minutt. NRK har fått tips om at ventetida kan vere enda lenger på somme avgangar.
2019-07-14 16:53:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventetid på Mannheller-FodnesNRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet melder at det er om lag 20 minutt i ventetid på ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes på rv. 5. Trafikken er stabil.
2019-07-14 12:48:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nesten 500 sprang VetenløpetNRK Sogn og Fjordane
Nesten 500 menneske deltok i Vetenløpet i Bremanger laurdag. Det skriv Firdaposten. Vinnaren av herreklassa vart Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg, medan Eli Anne Dvergsdal frå Gneist vann dameklassa.
2019-07-14 11:23:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

App har redusert matsvinnNRK Sogn og Fjordane
Mobilappen Too Good To Go har stogga 25.000 måltid frå å ende opp som matsvinn i Sogn og Fjordane sidan 2016, skriv Firda. Florø Bakeri og Konditori er den etestaden i fylket der flest måltid har vorte «redda», med 3338.
2019-07-14 10:04:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Byggjer ut fiber i VikNRK Sogn og Fjordane
Vik kommune har skrive kontrakt med Sognenett AS om utbygging av fiber til alle innbyggjarane i Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen. Det skriv Sogn Avis. Kommunen fekk 2,7 millionar kroner i statlege løyvingar i fjor haust, i tillegg til at dei går inn med 2 millionar sjølv.
2019-07-14 08:21:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Parkeringar kan hindre naudetataneNRK Sogn og Fjordane
Politiet opplyser om parkeringar i Solvornvegen i Luster som kan gjere det vanskeleg for naudetatane og ta seg fram. Dei oppfordrar bilistar i området til å parkere på ein måte som ikkje hindrar naudetatane.
2019-07-13 17:29:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To frå fylket på kokkelandslagetNRK Sogn og Fjordane
Katrine Åsnes Gjesdal frå Førde og Jan Erik Hauge frå Bremanger er valde ut til kokkelandslaget, skriv Horecanytt. Dei skal dermed vere med på OL for kokkelandslag i Stuttgart i februar neste år.
2019-07-13 15:47:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går saman mot vindkraftNRK Sogn og Fjordane
Aksjonistar går saman for å stoppe vindkraftutbygging, skriv Firda. Det er folk i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger som går saman i eit slikt motstandssamarbeid. Desse fire kommunane er innanfor ei sone som NVE har sagt er eigna for vindkraft.
2019-07-13 11:56:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tissar for hundretusenvis av kronerNRK Sogn og Fjordane
Staten tente i fjor 364.000 kroner på folk som urinerte på offentleg stad innanfor området til Vest politidistrikt. Det rapporterer Stavanger Aftenblad. Det er ikkje nærare spesifisert kor stor del Sogn og Fjordane utgjer.
2019-07-13 10:37:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil frede Wittgenstein-husetNRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune startar arbeidet med å frede Wittgenstein-huset i Skjolden i Luster, skriv Sogn Avis. Føremålet med fredinga er å bevare arbeidsplassen som Ludwig Wittgenstein hadde i Skjolden. Huset vart nyleg gjenreist på originaltomta.
2019-07-13 10:10:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krasj i tunnelNRK Sogn og Fjordane
Ein bil med tilhengar har køyrt i fjellveggen på E39 i Hornindal, i Kjøshammartunnelen. Ingen personar er meldt å vere skadde etter ulukka, men bilføraren var ikkje på staden då politiet kom fram. Eitt køyrefelt har vore stengt, og bilbergar er på plass. Statens vegvesen melder om mindre skadar på tunnelen. Firda skriv at politiet har beslaglagt førarkortet til sjåføren.
2019-07-13 08:40:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i køyretøyNRK Sogn og Fjordane
På riksveg 5 ved Grov har eit køyretøy stått i brann. Naudetatane er på staden, melder politiet. Ingen skal vere skadde.
2019-07-13 07:26:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skadd på fjelltur i SognNRK Sogn og Fjordane
Ein mann som vart skadd på fjelltur i Stølsheimen i Sogn er flogen til sjukehuset i Volda. Det skriv Firda. Hovudredningssentralen fekk melding om den skadde mannen klokka 18:42 og sende eit redningshelikopter for å plukke han opp.
2019-07-12 21:50:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Miljøkrav fører til avbestillingarNRK Sogn og Fjordane
Som følgje av nye miljøkrav til cruiseskip har hamna i Flåm fått 31 avbestillingar for 2020. Det skriv Dagbladet. ? Vi i Aurland og Flåm er positive til forskriftene og må innrette oss og dra fordel av situasjonen vi er i, seier hamnesjef Jon Olav Stedje til avisa.
2019-07-12 21:43:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordensforstyrring på BreimNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 40-åra vert sett i drukkenskapsarrest og meld for ordensforstyrring på Breim. Politiet opplyser at mannen også skal ha vore i klammeri med ein annan mann på staden.
2019-07-12 21:28:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utsending av ferjekort i gang igjenNRK Sogn og Fjordane
Utsendinga av AutoPASS-ferjekort er no i gang igjen. Det skriv Vegvesenet. I førre veke vart utsendinga av dei nye ferjekorta stogga fordi det var tomt for kort hjå produsenten.
2019-07-12 19:06:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl. 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-12 18:40:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i ViksdalenNRK Sogn og Fjordane
Ein motorsykkel og ein lastebil har vore involverte i eit trafikkuhell på fv. 610 i Viksdalen. Motorsyklisten melder om skader i ei skulder, men er oppegåande. Naudetatane er på veg til staden.
2019-07-12 16:13:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal grave etter gull i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Eit tsjekkisk firma prøver i desse dagar å finne ut om det kan vere grunnlag for ei gullgruve i Gudmedalen i Aurland. ? Det er ikkje gull alt som glimar, seier Aurland-ordførar Noralv Distad. Han tykkjer det er artig at nokon leiter etter gull, men har lite tru på at det blir Klondyke-stemningar i kommunen.
2019-07-12 13:12:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kampen mot forsuring hastarNRK Sogn og Fjordane
Kampen mot forsuring av hava hastar. Det er den klare meldinga etter at Vestlandsforsking har ferdigstilt eit forskingsprosjektet. ? Vi er allereie farleg nær grensa for det fleire organismar kan tole, seier forskingsleiar Halvor Dannevig. Det vil vere lokale variasjonar i kva påverknad slik forsuring vil ha, men Dannevig seier at forsuring endrar vilkåra for livet i hava. Forsuring kan mellom anna drepe artar som torsken langs kysten vår lever av.
2019-07-12 07:54:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vart henta på festivalNRK Sogn og Fjordane
Ein av deltakarane på countryfestivalen på Breim vart i natt sett i drukkenskapsarresten. Politiet opplyser at mannen skal ha skubba på andre festivaldeltakarar. Han er no meld for ordensuro og får sove ut rusen i arresten.
2019-07-12 07:39:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Store ambisjonar for DimeqNRK Sogn og Fjordane
Ronny og Audun Bakke i Bremanger har store ambisjonar for selskapet sitt, Dimeq. Det melder Firdaposten. I samarbeid med eit polsk teknologiselskap utviklar dei digitale tryggleiksarmband for sjøfolk og oljearbeidarar. Dei har også fått Kongsberg Innovasjon med på laget.
2019-07-12 07:13:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forbyr rutilprodukt i matenNRK Sogn og Fjordane
Det norske Mattilsynet sit roleg i båten etter at Frankrike no forbyr tilsettingsstoffet titandioksid. Det melder ABC Nyheter. Stoffet, som Noreg er storprodusent av og som Nordic Mining vil vinne ut i Engebøfjellet i Naustdal, blir nytta i både mat og solkrem. Til grunn for forbodet ligg ein studie gjort av det franske instituttet for landbruksforsking, som viser at at stoffet er kreftframkallande. EU er usamde i forbodet, men har tilrådd ein ny studie som er venta ferdig i slutten av juli.
2019-07-12 05:40:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-11 20:52:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna tømmestasjon for bubilarNRK Sogn og Fjordane
Den første tømmestasjonen for bubilar i Selje kommune er no på plass. Det skriv Fjordabladet. ? Dette har vore etterlyst i lang tid frå bubilturistane, seier Merete Nerland, kommunalsjef for tekniske tenester i Selje, til avisa.
2019-07-11 19:51:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Med programleiar Marte Rommetveit.
2019-07-11 18:41:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fremjar motsegn mot utvidingNRK Sogn og Fjordane
NVE fremjar motsegn til planane om å utvide industriområdet på Fossheim, nord for Skei i Jølster. Direktoratet meiner planane ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til skredfare mot utbygginga. Grunnlaget for motsegna fell bort dersom kommunen syter for å etablere sikringstiltak mot skred.
2019-07-11 18:40:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hingst på rømmenNRK Sogn og Fjordane
Ein hingst har stukke av frå beite på Nave ved Bryggja. Det skriv Fjordenes Tidende. Eigarane ber om at folk som oppheld seg i området mellom Beksle, Rimstad og Åsneset er merksame om dei ser spor etter hingsten. Dei beskriv han som ein brunblakk med svart man og hale.
2019-07-11 14:07:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for høg fartNRK Sogn og Fjordane
Mannen i 30-åra som vart målt til 129 km/t i 80-sona på E39 ved Aaberg i Gaular, må no klare seg utan førarkort i seks månader. I tillegg må han betale 12.500 kroner i bot. Fengselsstraffa på 15 dagar blir utsett i to år så lenge han held seg på rett side av lova dei neste to åra.
2019-07-11 09:28:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dyr barnevernsstrid i SognNRK Sogn og Fjordane
Uroa rundt Sogn barnevern har kosta eigarkommunane nær sju millionar kroner. Det skriv Sogn Avis, som har sett på ekstrakostnader som direkte og indirekte kan knytast til uroa i og rundt barnevernet siste åra. Mellom anna har barnevernet kjøpt tenester for over 4,2 millionar kroner frå eit kompetansefirma.
2019-07-11 07:17:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hissig mann sett i arrestenNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra set i arresten i Førde etter ein fest på ein brakkerigg i Svelgen i natt. Mannen oppførte seg truande og forsøkte å slå til fleire festdeltakarar, mellom anna ein mann i 20-åra. Ingen skal ha blitt skadde. Politiet opplyser at dei har oppretta sak både på ordensuro og kroppskrenking.
2019-07-11 05:13:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Med programleiar Marte Rommetveit.
2019-07-10 20:53:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha med Fjaler og AskvollNRK Sogn og Fjordane
Dei fleste av innbyggjarane i nye Sunnfjord kommune vil la også Fjaler og Askvoll vere med i kommunen om dei ønskjer det. Det viser ei meiningsmåling utført av InFact for Firda. 40,3 prosent av dei spurde vil ha dei to kommunane med i den nye storkommunen.
2019-07-10 20:17:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Med programleiar Marte Rommetveit.
2019-07-10 19:31:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har etterforska trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Politiet er ferdige med etterforskinga av ei ulukke der ein bil hamna i fjellveggen mellom Sande og Førde 1. juli, og saka er lagt vekk. Det skriv Firda. ? Avgjersla er tatt ut frå det føraren har forklart og undersøkingane politiet har gjort på staden, seier etterforskingsleiar Askel Rødland til avisa.
2019-07-10 18:08:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høyangertunnelen opna for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Høyangertunnelen på fv. 55 er opna for trafikk etter å ha vore stengd grunna melding om ein syklist i tunnelen. Det melder Vegvesenet.
2019-07-10 15:15:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

2700 kom på gratis lunsjNRK Sogn og Fjordane
Nær 22.000 besøkande var i helga innom Førdefestivalen. Det er ein liten nedgang samanlikna med tidlegare år, noko som blant anna skuldast at festivalparaden ikkje vart arrangert i år. Festivalen feira 30 år og stilte med gratis lunsj i parken i Førde for å markere det. Der tok 2700 personar turen.
2019-07-10 13:13:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i StrynNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykka ut etter melding om samanstøyt mellom personbil og motorsykkel ved Stauri i Stryn. Politiet opplyser at motorsyklisten er bevisst og er tatt til legevakta for sjekk. Riksveg 15 er førebels stengt.
2019-07-10 13:04:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil måle portrett av 100-åring NRK Sogn og Fjordane
Kunstnaren Vebjørn Sand blei fengsla av den dramatiske historia til 100-åringen Okesandr Chalich, skriv Porten.no. Både Porten og NRK fortalde historia om den ukrainske tvangsarbeidaren som blei halden fanga i Årdal under andre verdskrig. Sand jobbar no med ein serie med bilete som portretterer tidsvitne til okkupasjonen av Noreg og vil reise til Ukraina for å måle portrett av Chalich.
2019-07-10 12:28:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Veit ikkje brannårsakaNRK Sogn og Fjordane
Politiet veit framleis ikkje kvifor det byrja å brenne i eit verneverdig hus i Lærdal søndag. Brannen starta ved inngangsdøra, på utsida av huset som om sommaren blir leigd ut. Det var folk som stelte graver på kyrkjegarden som melde frå om at det brann. Ingen blei skadde i brannen.
2019-07-10 10:03:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sommarkontroll på veganeNRK Sogn og Fjordane
Utrykkingspolitiet sin store sommarkontroll «Aksjon Europavei» er i gang. Det er flest alvorlege ulukker om sommaren, og kontrollane har som mål å gjere vegen tryggare. No står Vestlandet for tur.
2019-07-10 08:15:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må droppe EMNRK Sogn og Fjordane
Det blir likevel ikkje U23-EM i friidrett for sleggekastaren Thomas Mardal, melder Gloppen friidrettslag. Mardal som tidlegare i år leverte det fjerde lengste kastet ein norsk utøvar nokon gong har gjort, måtte trekkje seg på grunn av ein skade.
2019-07-10 07:54:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To milliardar etter tørken i fjorNRK Sogn og Fjordane
Fleire enn ein av tre norske bønder har fått utbetalt erstatning for avlingssvikt etter tørkesommaren i fjor, skriv Bondelaget. Totalt er det utbetalt nesten to milliardar kroner, medan det i Sogn og Fjordane er delt ut 24,4 millionar kroner fordelt på omlag 350 bønder. Leiar Lars Petter Bartnes meiner tala viser kor sårbar matproduksjonen er for ekstreme vêrtypar.
2019-07-10 07:46:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sykehus etter bilulykkeNRK Sogn og Fjordane
En person er sendt til sykehus i ambulanse etter en ulykke i Lærdalstunnelen, ifølge politiet. Bilføreren får behandling på Lærdal sjukehus, opplyser de ved 02.30-tiden. Tunnelen er stengt, det er ukjent hvor lenge.
2019-07-10 01:43:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på Mannheller?FodnesNRK Sogn og Fjordane
Frå klokka 21 i kveld er det normal drift igjen på ferjestrekninga Mannheller ? Fodnes på rv. 5. På grunn av tekniske problem har den eine ferja vore ute av drift sidan kl. 16 i ettermiddag, og det har skapt lange køar.
2019-07-09 21:04:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar Marte Rommetveit.
2019-07-09 20:53:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lange køar på MannhellerNRK Sogn og Fjordane
Ei av ferjene på ferjestrekninga mellom Fodnes og Mannheller er ute av drift. Det skaper lange køar, melder Firda. Vegtrafikksentralen Vest melde om innstilt ferje kl. 16 i ettermiddag. Mannskapet jobbar med å reparere ein skade, og det kan vere aktuelt å setje inn ekstraferje. Inntil vidare må folk bu seg på litt venting.
2019-07-09 20:17:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To nye bussavgangar til haustenNRK Sogn og Fjordane
Frå skulestart set fylkeskommunen opp nye bussavgangar frå Dale og Sandane etter skuletid. Frå Sandane er det sett opp ny avgang kl. 18.30 til Byrkjelo på kvardagar i skuleåret. Frå Dale er det sett opp ny avgang torsdag ettermiddag i skuleåret, slik at elevar kan kome seg til Hyllestad etter open skule på Dale vidaregåande. ? Det er viktig at bussrutene samsvarar med ungdomane sine behov, seier leiar for hovudutval for samferdsle, Noralv Distad (H)
2019-07-09 19:01:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl. 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-09 18:32:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siste innspurt på Bjørset?SkeiNRK Sogn og Fjordane
Arbeidet på vegstrekninga mellom Bjørset og Skei på E39 er no i sluttfasen. ? Til helga skal det vere 80 km/t og ingen hindringar mellom Bjørset og Skei, lovar byggjeleiar Jan Bjarne Thorsnes. Frå veke 29 og tre veker framover blir det ferie på anlegget. Innan då skal mesteparten av gang- og sykkelvegen ha fått dekke. Dermed står det berre att litt restarbeid før offisiell opning måndag 26. august med storfint besøk av samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp)
2019-07-09 18:04:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel stengt i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Flenjatunnelen i Aurland på E16 er stengt på grunn av eit vogntog som har teke opp i tunneltaket. Entreprenør er på veg for å rydde opp, melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.
2019-07-09 17:02:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Småbåthamn i Loen er klarNRK Sogn og Fjordane
Småbåthamna i Loen er overlevert til Loen Båtlag og er klar til bruk, skriv Fjordingen. Anlegget i Lovik har 45 båtplassar av ulik storleik. Arild Bødal i båtlaget er godt nøgd med at det 11 år lange arbeidet med å få på plass hamna no er ferdig.
2019-07-09 16:29:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekniske problem på ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
Ei ferje er innstilt på grunn av tekniske problem på ferjestrekninga Fodnes-Mannheller på Rv. 5, skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.
2019-07-09 16:05:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil skape fjordlandsby i FlåmNRK Sogn og Fjordane
Utviklingsselskap vil gjere Flåm til ein unik fjordlandsby, melder Sogn Avis. I arbeidet med ny områdeplan for turistmagneten vil Flåm AS erstatte parkeringsplassar og asfalt med bustadar og aktivitetar. Målet er eit trivelegare og meir aktivt Flåm for alle, seier dagleg leiar Arve Tokvam.
2019-07-09 15:38:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk ubedne gjester i båtenNRK Sogn og Fjordane
? Ver på vakt og pass på kvarandre sine båtar, seier Helge Follevåg. Han opplevde i går at to menn knappa opp kalesjen og tok bilete inn i båten hans som ligg i Alléhamna i Askvoll. Follevåg er sjølv bortreist på ferie, men blei kontakta av ein annan båteigar som fekk stoppa mennene. Politiet seier at dei undersøkjer tips dei har fått i saka.
2019-07-09 13:36:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har du irritert deg over skyer? NRK Sogn og Fjordane
2019-07-09 11:00:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjem til SunnfjordNRK Sogn og Fjordane
Kommunalminister Monica Mæland blir orientert om Eikefjord-avdelinga til skipsverftet Brødrene Aa i Hyen når ho kjem til Sunnfjord komande fredag. Statsråden møter også leiaren av fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune, partikolle Olve Grotle, samt vitjar Våt Moro-festivalen i Florø.
2019-07-09 10:44:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Usikre på EU-kontrollNRK Sogn og Fjordane
Mange er usikre på dei nye reglane for EU-kontroll. Berre i mai fekk nær 30.000 bilar bruksforbod fordi dei mangla godkjenning innan fristen. Det er 10.000 fleire enn same månad i 2018. Frå februar kan bileigarane ta kontrollen når dei vil, så lenge bilen er godkjend innan fristen. Men mange klarer ikkje å halde fristen.
2019-07-09 08:44:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal satse i EuropaNRK Sogn og Fjordane
Teknologiselskapet Tibber får 13,5 millionar frå Innovasjon Noreg når dei no skal satse i den europeiske marknaden, skriv Firda. Dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes seier dei saman med investorane vil bruke 100 millionar kroner for å komme inn i ein ny marknad. Kva land det er snakk om, ønskjer ikkje Vårdal å kommentere.
2019-07-09 07:39:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nekta å betale etter uhellNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra busett i Sogn må møte i retten etter eit trafikkuhell i Oppland i februar. Mannen har ikkje godteke bota på 8.000 kroner etter at han køyrde av vegen og krasja i nokre tre. Sjølv fekk han lettare skader i uhellet.
2019-07-09 07:22:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntogsjåfør sov for liteNRK Sogn og Fjordane
Ein vogntogsjåfør hadde køyrt i over seks timar, med berre 13 minutt pause. Det er eit alvorleg brot på reglane for kviletid, melder Statens vegvesen. Dette vart avdekka under ein kontroll på Håbakken i går. Kravet er at ein skal ha ein pause på minst 45 minutt etter fire og ein halv time med køyring.
2019-07-09 05:35:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar Tale Hauso.
2019-07-08 20:44:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Batteri-cruiseskip kjem til FlorøNRK Sogn og Fjordane
MS Roald Amundsen er eit stillegåande hybridskip med batterikapasitet. Verdas første batteri-cruiseskip er no på jomfrutur og Florø er ein av kystbyane som får besøk av nyvinninga, ifølgje Firdaposten.
2019-07-08 19:55:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bilførar frakta til HaukelandNRK Sogn og Fjordane
Føraren av bilen som køyrde utfor vegen ved Byrknesøy i Gulen er frakta til Haukeland sjukehus, fortel Arve Samsonsen i Vest politidistrikt. Det var først ikkje meldt om personskadar. Skadeomfanget til føraren er enno ukjent, melder politiet like før klokka 19.
2019-07-08 18:59:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dårleg breibanddekningNRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane er eitt av fylka med dårlegast breibanddekning, skriv Firda. Tal fylkeskommunen har lagt fram viser at fylket vårt i dag har ei breibanddekning på 65 prosent for 100 Mbit/s. Dette er tredje svakast i Noreg.
2019-07-08 18:52:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Tale Hauso.
2019-07-08 18:39:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i kabelNRK Sogn og Fjordane
Vest politidistrikt melder om ein mindre brann i ein kabel i Øvre Årdal. Brannvesenet var på staden etter kort tid og fekk sløkt brannen.
2019-07-08 17:59:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil utfor vegen i GulenNRK Sogn og Fjordane
Det er meldt om trafikkulukke ved Nappsundbrua mot Byrknesøy på fylkesveg 4 i Gulen. Brannvesenet i Hordaland opplyser om materielle skadar og fortel at alle personane i bilen skal vere ute. Det er ikkje meldt om personskade. Naudetatane er på veg, ifølgje politiet.
2019-07-08 17:41:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rekordsal for countryfestivalNRK Sogn og Fjordane
Det er duka for Countryfestivalen på Breim komande helg. Amerikanske Emmylou Harris er årets store trekkplaster. Til no har det blitt seld billettar for om lag 2,5 millionar kroner, melder Firda. ? Det er det beste førehandssalet vi har hatt nokon gong, seier Arve Kleppe, dagleg leiar i Norsk countrytreff til avisa.
2019-07-08 16:33:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lovande bringebærsesongNRK Sogn og Fjordane
Låg temperatur har utsett bringebærsesongen, men det ser likevel ut til å bli eit år med god kvalitet. Dei første bæra kom frå Rake allereie 23. juni, skriv Fjordingen. Innvik Fruktlager reknar med å ta inn mellom 450 og 500 tonn bær før sesongen er over.
2019-07-08 16:02:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

7. plass for HolmbergNRK Sogn og Fjordane
Det blei verken krins- eller personleg rekord for mangekamputøvaren Henrik Holmberg under europacupen i Portugal i helga. Vikjen leverte likevel sin nest beste mangekamp nokosinne. 29-åringen enda på 7. plass med 7.080 poeng - knappe 100 poeng bak hans eigen krinsrekord.
2019-07-08 12:14:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Start-Siden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.